Arkivplan - Stordal Kommune

 

 

dalen

Arkivplanen skal vere retningsgjevande for dokumenthandteringa i Stordal kommune.

Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene. Arkivplanen skal bidra til at kommunen ivaretek arkivansvaret sitt etter arkivlova sin § 6 der det står: "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."

Arkivplanen for Stordal kommune er ei total plan for organisering av arkivtenesten, samt eit oversyn over rutinane som gjeld etablering, bevaring og bruk av arkiv. Planen skal vere eit reiskap for å kvalitetssikre arkivfunksjonen i kommunen. Arkivplanen skal revidererast når det skjer endringar i organisasjon eller i saksgangen. Den skal ajourførast jamnleg, og gjennomgåast kvart 2. år.

I kommunen er det rådmannen som har det overordna arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta § 1-1).